|

Du har kome til Allemannsland

Lær om pengane på Svalbard – og sjå kvar einaste digitale Svalbard-setel og -mynt i galleriet.

SISTE

Bitcoin-ordinal frå Svalbard!

Les meir her: Skrifta på veggen

Sjå Grumant Bold-font på bitcoin-blokkjeda

Kjøp Svalbard-ordinal til geografisk korrekt pris på UniSat

NB! Setelpressa vart stengd den 7. februar 2022 då Ethereum-blokkjeden nådde blokk nr. 14159265: Det er ikkje lenger mogleg å generera nye digitale Svalbard-setlar, og handelsplassen på denne nettsida er også no avvikla.

Gå til OpenSea for å kjøpa og selja digitale Svalbard-setlar på andrehandsmarknaden.

Sjekk ut Svalbard-myntar for sal til faste prisar på OpenSea her.

Les om designet vårt av dei «monetære» NFT’ane våre her:

Frå Leningrad via Svalbard til Ethereum

Kalde, kule nyhende: Dei digitale Svalbard-setlane og -myntane er lagra for all tid i Arctic World Archive i Gruve 3 i Longyearbyen.

Kva er Svalbard-pengar?

Gjennom store delar av 1900-talet produserte gruveselskapa på Svalbard eigne pengar. Dette var pengar tufta på gruvedrift og gruvearbeid, «mining» og «proof of work». Frå 2020 til 2022 kunne alle generera sine eigne digitale Svalbard-pengar på blokkjeda – fyrst på Ethereum, sidan flytta til Polygon. I dag lever setlane og myntane vidare der, og du kan sjå kvar einaste ein av dei i galleriet.

Korleis kunne ein skaffa seg digitale Svalbard-pengar?

Det gjorde du på Handelsplassen. Fyrst måtte du registrera deg. Dernest trong du kol og kryptovalutaen ether for å generera digitale Svalbard-pengar. Kol tente du ved å arbeida – lesa tekstar, svara på spørsmål, lytta til podcastar, sjå på kunst og spela gruvespelet. Ether kjøpte du på nettet. Mintinga vart avslutta då Ethereum-blokkjeda nådde blokk 14 159 265, den 7. februar 2022. Gruvespelet står att som eit minne frå den tida – og du kan framleis spela det.

FOTO & TEKSTAR

Svalbard og pengar

Kva pengar er? Pengar er det pengar gjer. Samstundes er tid pengar. Og arbeidstid er Svalbard-pengar.

FOTO & TEKSTAR

Svalbard
– kalde fakta

«Før var Svalbard eit tilnærma lovlaust ingenmannsland. No vart det eit allemannsland med norsk administrasjon og rettsorden.»

ARBEID OG FRITID

Virtuell gruvedrift med meining og vener

Leik at du er gruvearbeidar i dataspelet Gruve 8; svar på pengepolitiske spørsmål og sjå kva andre meiner. Og tips vener og kjende om www.svalbard.money!

HANDELSPLASSEN

Skaff deg digitale Svalbard-pengar

PODCAST

Lytt på
Radio Svalbard-pengar

Radioaktive podcast-sendingar om Svalbard, gruvedrift, pengar og blokkjedeteknologi.

KOLKUNST

Silketrykk
med kol frå
Gruve 3;
prosess,
produksjon

Kjøp kunst basert på energi, kryptovaluta og pengesetlar frå Svalbard.

GRUMANT BOLD

Skrifta på veggen

Last ned skrifttypen Grumant Bold og skriv som ein gruvearbeidar.

WHITEPAPER

Bakgrunn, konsept, meining.